Solliabøndene protesterte

Solliabøndene protesterte
Flere kjente fjes i "Bondebussen" på vei til Oslo

I går protestere bønder fra hele landet foran Stortinget. Motstanden mot regjeringens forslag til ny inntektsberegning var stor, med det bøndene karakteriserte som "luftpenger", og etterlyste "ærlige tall".

Leder i Stor-Elvdal Bonde- og Småbrukarlag, Rasmus W. Kristensen tok initiativ til demonstrasjonen både på Koppang tidligere uka, og mobiliserte flere solliværinger til å bli med til Oslo for å protestere.

Foto: Tobias Prosch Simonsen/NRK

Etter at forslaget, med noen endringer, ble vedtatt av Stortinget, uttrykker Rasmus skuffelse over resultatet. Han sier at bøndene trenger bedre signaler enn dette, når det gjelder vilkårene i åra framover, og at hele prosessen preges av tafatte politikere og elendig politisk håndverk.

Under kan du lese hva Arne Vinje skriver om konflikten mellom myndighetene og bøndene. Han er en god venn av redaktør Jo Øvergaard og disse ordene kunne like gjerne vært hans.

Framsynt bondeoffer?


Når bønder samlast i hovudstaden for å markere sterk misnøye med at styresmaktene heller ikkje no vil gjera opp for maten dei bestiller, så er det mange fleire som gjerne skulle ha vore med. Men fjos og åkrar krev sitt; det er garden som styrer gardbrukaren, ikkje omvendt.
Eigentleg skulle det ikkje ha vore bøndene som aksjonerer. Vilkåra for matproduksjonen er like vesentlege for dei som et maten, som for dei som produserer han. Kvifor går ikkje rasande byfolk i demonstrasjonstog mot politikarane som gamblar med framtida vår?

Foto: Reidar Gregersen/NRK

Aldri nokon gong i historia har det vore så få menneske i Noregs land til å gjennomføre våronna og taka i mot alle lamma som i år. Dei som er att i yrket skulle ha vore heime for å utføre dette arbeidet som verda ikkje kan greie seg utan. Folket skulle ha spart bøndene for den byturen! Dei burde av eigne interesser ha reist seg i protest mot ein politikk som fjernar den eine bonden etter den andre, som om staten var ein utspekulert, men upåliteleg sjakkspelar.
Men folkemassane protesterer ikkje. Dei veit vel ikkje kva som skjer – dei får sjeldan sjå heile biletet, berre detaljar no og då. Som då det nyleg blei kjent at ein solid bonde i Trøndelag, Vegard Vigdenes, har valt å leggje ned mjølkeproduksjonen på 120 tonn.

Illustrasjonsfoto, foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Drifta av den gode og velhaldne garden har kravt 4000 timar i året av familien, og for den innsatsen sat han att med ei inntekt på 309 000 kroner. Det gjekk ut over familielivet og framtidig pensjon. Han kunne ikkje lenger forsvara å halde fram.
No har Vegard fått ny jobb med normal timeløn, altså mange gonger høgare enn den han har hatt, og med ordna ferie og fritid. Kva fortel dette?
Det fortel at bonden er etterspurd – men som industriarbeidar, ikkje til å produsere mat. Og det fortel at det eigentleg ikkje er mest synd på bøndene. Dei vil som regel tene på eit bondeoffer.

Jordbruk i Brasil, høsting av soya, Foto: Yasuyoshi Chiba / AFP

Det norske folket kan det derimot bli synd på. Frå før har få land i verda mindre dyrka jord enn oss, og no er me òg i ferd med å bli i beit for dei som kan dyrke og drive denne jorda.
Men me har framleis flust med pengar! Kanskje vil krigane og konfliktane i kring oss stilne. Kanskje klimaendringane går over av seg sjølv, slik at dei ikkje lenger trugar den internasjonale matvaremarknaden som me har gjort oss så avhengige av. Kanskje me heller aldri vil få nye pandemiar som forstyrrar handelssystema, eller kriser i den globale kapitalismen.
Kanskje verda vil bli det ho ein gong var, då Noreg var den rikaste kaksen i bygda og kunne kjøpe seg allting! Då – og berre då – vil Stortinget kunne vinne eit spel med bondeofferet sitt.

Jordbrukslandskap på Hadeland, Norge, Foto: Erik Stenvik