Boklansering 5. september

Boklansering 5. september
Fredag 5. september kl. 18.30 blir det boklansering med forfatter Jørgen Norheim i Sollia krigshistoriske museum. Boka har tematikk knyttet til etterspill fra andre verdenskrig, og geografisk foregår handlingen i romanen delvis her i Innlandet. Arrangementet er i samarbeid med Det Norske Samlaget.

Om boka

Kva hadde skjedd om tyskarane hadde vunne andre verdskrigen?

Året er 1967, og Quisling og NS styrer i Noreg. Førarens høgre hand, parti- og statsminister Stein-Ulf Bru, har nok å hengje fingrane i. Den noko demente Vidkun Quisling fyller 80 år, og Tysklands nye førar Albert Speer er ventande til Noreg for å opne Polarbanen Nidaros–Kirkenes, som endeleg er ferdig. Minister Bru får ansvaret for planlegginga og gjennomføringa av Speers besøk, og tryggleiken står i sentrum. Då passar det dårleg at ei gruppe aksjonistar i ly av nattemørkret skiftar ut gateskilt med namn på fortente NS-folk med namn på motstandsfolk frå krigen.
 
I denne kontrafaktiske romanen teiknar Jørgen Norheim eit truverdig bilete av korleis livet her heime kunne ha arta seg dersom utfallet av andre verdskrigen hadde vorte eit anna og NS hadde fått styre i Noreg – ein skremmande visjon.  

Om forfattaren

JØRGEN NORHEIM (f. 1952) er fødd i Sollia i Østerdalen og vaks opp i Vestre Slidre og er i dag busett i Berlin. Han er utdanna historikar. Norheim har sidan debuten i 1994 gjeve ut fleire kritikarroste romanar. Adjutanten (2008) vart nominert til Brageprisen, og Ingen er så trygg i fare (2002) vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. Olga Bjoners plass er den sjette romanen hans.