Tilskottsordning for innsamling av stadnamn

Tilskottsordning for innsamling av stadnamn

Stadnamn er viktige språklege kulturminne. Formålet med tilskottsordninga er å bidra til å berge denne kulturarven ved å gi støtte til lokale aktørar som vil samle inn stadnamn.

Les alt om tilskottet her og artikkelen kjær stad har mange namn. Søknadsfristen er 1. mai 2024.

Kriterium for tildeling av tilskott / krav til innsamlingsarbeidet

  • Språkrådet ønskjer ei så grundig innsamling som råd, og det er derfor eit krav for å få tilskott at innsamlingsarbeidet er konsentrert til eit klart avgrensa område. Det kan til dømes vere ein del av kommunen tilsvarande eit kyrkjesokn eller eit anna naturleg avgrensa område.
  • Språkrådet vil prioritere søkjarar som samarbeider med frivillige lag og organisasjonar i lokalmiljøet.
  • Det er ein føresetnad at registreringsverktøyet som er omtala, blir bruka aktivt i innsamlingsprosjektet. Det er utarbeidd ei rettleiing til verktøyet, og tilskottsmottakarane vil få tilbod om rettleiing og oppfølging undervegs i innsamlingsarbeidet.
  • Tilskottsmottakarane må ha ein namngitt prosjektleiar. Prosjektleiaren er ansvarleg for organisering, gjennomføring og rapportering av innsamlingsarbeidet. Det er ein føresetnad at prosjektleiaren har erfaring frå innsamling av stadnamn, eventuelt registrering av andre kulturminne. Prosjektleiaren må kvalitetssikre det innsamla materialet før det blir publisert.

Kven kan søkje?

Lokale aktørar (fylkeskommunale, kommunale eller private) som samarbeider med frivillige lag og organisasjonar.

Prestporten står på kartet, men mange stadnamn i Sollia er ikkje registrerte