Flatbrødbaking
Av Berit Gomnæs
Dette innlegget er skrevet av Sollias eldste innbygger, Berit Gomnæs, på 88 år. Hun er sprek som en loppe og man kan vel undres på om det er den friske lufta eller det rene vannet i Sollia som gjør at hun er i så god form, men kanskje er hemmeligheten rett og slett flatbrød? Verdt å prøve for oss andre i hvert fall!
Før i tida var det ei viktig oppgåve for husmora å sørge for at der var flatbrød i huset. Det vart oppbevart på stabburet i trekassar med tett lokk. Eit par gonger i året var det eit viktig arbeid å få gjort før «vårvinna» og etter at «haustvinna» var over. Ikkje sjeldan varte bakinga i tre dagar!
I våre dagar blir det vel rekna som ein sær hobby - flatbrød kan jo kjøpast på butikken! Nokre har teke opp den gamle kunnskapen som tradisjonsmat og det er ei kjent vare på matmesser og lokalt. Mange har nok dette som eit barndomsminne og gamle oppskrifter og kjevler blir leita fram. Moderne «takker» fins i mange heimar. Flatbrød har blitt nytta til mange middagsrettar, er sjølsagt tilbehør til spekemat. Flatbrød med rømme er kjempegod «snacks»!
Prøv, då vel!
................................
Hvis du vil bake flatbrød sjøl, finnes det en oppskrift i en artikkel på sollia.net 18. november 2024