Frå arkivet - Måsåtaking i Folldalsfjella med Ola Blæsterdalen

Frå arkivet - Måsåtaking i Folldalsfjella med Ola Blæsterdalen
Ola Blæsterdalen gledde oss med fleire gode artiklar her på sollia.net. Han hadde eit godt minne og ein fenomenal formidlarevne, skriftleg som munnleg. - Somme gardar i Sollia tok måså til ca. 1970. Foto: Eivind Faldet

I 2016 presentera sollia.net ein film om måsåkjøring. Det er ein verkeleg godbit så vi publiserer han igjen. Statens Naturoppsyn ved Eivind Faldet hadde fått med seg tradisjonsberaren og fjellbonden, 92-åringen Ola Blæsterdalen, til fjells. Arnulv Husum stilte med hest når måsålasset skulle køyrast heim. Geir Olav Slåen har æra for film, lyd og klipp.

I 2015 skreiv Ola ein artikkel om måsåtaking på sollia.net. Den kan du lesa her:

Åt måsåhø`n 

Publisert første gong 4. november 2015

Ola på Lauvrøstsetra i 2015 Foto: Øyvind Lien

I fjellbygdom var sanking av måså, reinslav og kvitkrull ei fast onn om hausten når dei andre onnene var unnagjort. "Ta måså", som det heitte, var eit arbeid som ikkje måtte sluntrast unna. "Å sjå ut måsåtak", kallast det når dei før arbeidet tok til såg etter der det var bra måså. Gullskinn eller gulskinn var ikkje rekna for god måså.

Det var fjellmåsån som var best til fôr, den var gjerne øvst i fjellbjørkeskogen, eller i snaufjellet. Denne måsån var rein og fin, og godt likt av stort og smått fe. Det vart tatt mye måså i furuskogen òg, men denne var full av "skogrot", barnål og rusk. Noe skogmåså måtte folk ha, denne vart sanka nærmare, og det gjekk an å hente denne straks dyra vart sett på bås om hausten. Skogmåsån vart kasta i hop i små hauger, halvlass. Fjellmåsån kunne ikkje hentast før det var skikkeleg godt sledaføre, og my­rer og bekker fraus til.

Eit stykke uti september var det tid for å "tåk åt måsåhø`n", som det heitte. Og folk som råkast spurde gjerne om "ha døkk vore åt måsåhø`n døkk da?"

Passe duskregn, og bra godt ver, var rette måsåveret, og da var det godt å vera måsåfolk, i alle fall når det var nok måså. Fyrst reiv ein upp kjerringkjørr eller hogg noen bjørkebusker til underlag for lasset. Så vart måsån tatt upp med måsårive eller greip. Vi bruka alltid greip, og kasta direkte på lasset. Lasset måtte "settast" skikkeleg, få rette fasongen. Dette var det oftast han far sjøl som hadde ansvaret for.

Ein "måsådag" starta tidleg um morgon, gjerne i grå­lysinga, og vegen kunne vera lang. For unger og framvekstringer var det gruvsamt. Trøytt og uggen trakka ein etter far, og var ikkje rett vaken i fyrstninga. Men når lass etter lass reiste seg, med jamt arbeid, var det trive­leg òg.

Kvila ved kaffevarmen var fin. Nistematen var flatbrødsoll, kakuskiver, raud og kvit geitost, den siste var fin å grille over bålet. Eg kan nesten kjenne smaken enda. Flesk var òg skikkeleg fint å steike over bålet. Når det lei utpå eftan vart vi slitne, og det kjentest både i rygg og armer. Men når det endeleg ein dag var nok til vinterforsyning, var det liksom ein stor lette og tryggleik. Måsåonna kunne vare både i dager og fleire viku, for det var ikkje måsåver kvar dag. Det var òg skikken å "ståkå" lass. Ein passe lang bjørkekvist vart sett ned i lasset, dette for at det vart betre å finne om snøen vart djup til vinte­ren.

Det var nokså vanleg å ha 80 lass måså for året, i allefall her i Atndalen. Noen hadde 100 lass, etter kor stor buskap dei hadde. Den som hadde 100 lass var Ole P. Øyen, "Ola Søre", han var den hardaste måsåkaren eg veit om.   

Ola er framme

Mange hadde lang veg for å hente måsån, ja, nesten milevis, men her hadde atndølan ein fordel, med nok måså i rimeleg avstand frå garden. Ja, noen kunne gjera to vendinger for dagen. Var det lagleg veg gjekk det an å henge to sleder etter ein an, "tvilest", som det kallast. Det vart frose mye i måsåkøyringen, særleg føten var utsett. Det var mye dårlege, kalde lærsko, så i snøstorm og kalde var det ikkje for blautfisker.

Når måsåkøyraren kom til gards vart lasset enten kjørd innpå trevet, eller det vart kjørd på lunnin. Det var gjevt å ha ein stor måsålunne. Neste umgang var å dele upp las­set og kaste måsån innpå skjellen til tining før dyra fekk den. Alle dyra likte måsån, og det vart ei rein og god luft i fjoset. Hesten åt ikkje måså. Vi dreiv og kjørde med ukse i fleire år under krigen, da det var høge priser og mangel på hest. Uksin fekk måså til kvilefôr når vi måkå upp lassa. Han var sterk og flink til i dra, men det var ingen stor fart. Vi brukte den òg for plog og horv attåt ei gamal merr. Det gjekk bra.

Dagsprestasjonen var avhengig av kor svært måsåtak ein hadde, ar­beidstempo og teknikk. Nokså vanleg for to mann i lugumt ver, var ti eller tolv lass, men òg sju eller åtte. Det meste far og eg tok, var 21 lass på ein dag i Kvasskampen. Søre Strømbukaran tok 80 lass på to dagsverk, fire karer. Det var store lass tatt i Vassbulia. Reint unntaksvis vart det seld måsålass. Eg kan hugse far kjørde og selde noen lass til ei kone i Folldal, for fem kroner pr lass levert på garden. Mannen hennar arbeidde på gruva. Det var i dei harde trettiåra.

Arbeidet med måsån kunne vera både slitsamt og leit, men det gjekk da som oftast sin vante gang. Men ein ung folldøl, Olaf Engvoll, miste livet under måsåkøyring frå Såtåfjelltraktan. Dette var ei hending som ligg 90 år attende i tid, så mange kjenner ikkje noe til denne trage­dien. Det var midtvinters, den 5/2 i 1925 at den unge gu­ten skulle køyre og hente måså i fjellet, ikkje langt frå Kristensetra (Bjønnsetra). Dei hadde losjert på denne setra da dei tok måsån hausten før. Det var knapt ljost da han drog frå garden Norda Bekken denne kalde vinterda­gen, ned i den kalde dalbotn, og over myr og mo og upp i fjellet. Det tok tid å måkå upp lasset, så var det å få tri­-fire måsåstaurer under lasset, støtta upp litt og litt. Det siste krafttaket som måtte til, da laut ein sette ryggen innunder. Kva som gjorde at han kom under lasset veit ingen. Dette lasset var truleg veldig stort og tungt, og han hadde nyhalvsåla sko er det sagt. Han har vel da glidd og mist balansen og stupt innunder lasset, og omkome.

Det var mye måsåtrafikk i desse traktan den tida, og det er sagt at Andreas Larshus og Amon Brustugun var ved Larshusbua og lunna måså. Det var Amon Brustugun som møtte hesten til Olaf og ante uråd. Hesten hadde rusla framover på heimvegen, da køyrkaren ikkje sto opp meir. Det vart varsla åt Engvollfolka. Mange folk frå bygda drog innover og fann Olaf livlaus under lasset. Kanskje dei kjente det vondt at dei hadde sendt ungguten i veg etter måsån, men det var vanleg at ryssan hjalp til med køyring og alt anna arbeid den tida. I den alderen vil ein gjerne vera sterk, få arbeidet fort unna, i alle fall var det slik før. I familien Engvoll var det den gongen tolv søsken, men dei hadde nok ingen å miste.

 Dette var eit lite gløtt inn i liv og arbeid for ikkje så veldig lenge sidan.

 Ola Blæsterdalen (1923-2022)