"Syngende kommune" er i gang

"Syngende kommune" er i gang

Onsdag 28.aug var det oppstartfest for prosjektet "Syngende kommune" i Storstua.

Prosjektleiar Gry Oda Myrbakken leia ein innhaldsrik, morosam og interessant kveld med song og musikk av lokale krefter. Tanken bak prosjektet som skal gå over tre år, er å styrke songkulturen i lokalsamfunnet fordi «song skaper glede, musikalske opplevingar, høgtid og fellesskapskjensle. Samtidig kan song vera eit effektivt verktøy for språkutvikling, minne, integrering og forbetring av det psykososiale miljøet»

Publikum vart møtt med forfriskningar i foajeen før ordførar Linda Otnes Henriksen føretok den offisielle opninga av prosjektet med klipping av snor med saks som var presentert på pute og G-nøkkel som var laga i barnehagen.

Inne i salen var det lykkeønsking frå kultursjef Janne Mellum før det braka laust med song. Første i køen var Koppang barneskule. Så følgde solistar og kor - Corvus Corax, Mikaelskoret og Koppang mannskor på løpande band. Akkompagnert av Tjeerd Bakker, Jan Tor Myrbakken på piano og Adam Bielek på gitar. Songtekstar vart tilgjengeleg for publikum på storskjerm, så dei fleste reinska strupen og song av full hals!

No ser vi fram til neste arrangement der vi både får lytta og ta imot, men også delta. Vi ønskjer Gry Oda og gjengen lukke til med prosjektet!

Kongens fortenestemedalje

Samtidig som prosjektet «Syngende kommune» hadde oppstartfest i Storstua på Koppang var assisterande statsforvaltar Sigurd Tremoen til stades for å overrekke Kongens fortenestemedalje til Marie og Terje Bjøntegaard. Medaljane var eit synleg symbol på takknemlegheit og heider for årelang innsats i frivillegheitsarbeid og omtanke for menneske i nærmiljøet! «Medaljørane» var overraska og djupt rørte over denne æra som vart vist dei. Dei er framleis i aktivitet, trass i høg alder og eit føredøme for andre og dei gler seg til å bli invitert til Slottet for å helsa på Kongen.

Berit Gomnæs 2024